Language
Help
© TicketCo AS 2024.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Årets artister:
- Synne Vo - Fredag
- The Promise - a tribute to Springsteen - Fredag
- Violet Road - Lørdag
- Soft City- Lørdag
Rockweekend er ein årleg musikkfestival som har vert arrangert på Iglandsvik i Ytre Bremanger sidan tidleg på 80 tallet.
Alle konsertane her foregår på Havlys intime klubbscener kor ein får oppleve artistane svært tett på.
Klubblokalet vårt Havlys ligg idyllisk til i ei lun havn i eit verneverdig sjøhusmiljø på Iglandsvik i Ytre Bremanger. Her har ein det meste ein treng disse festivaldagane.Joker daglegvarer, Havlys pub og kafe, Farmen livstilsbutikk og kafe og ikkje minst Iglandsvik Marina med idyllisk beliggande gjestehamn,bubilparkering,campingvogner , nytt område for teltcamping og eit velutstyrt serviceanlegg.
Iglandsvik er og eit godt utgangspunkt for turar til fantastiske Grotlesanden, Vetvik og mange andre perler i Ytre Bremanger.
Fakta
- Rockweekend har vore arrangert sidan 1982,dei seinare år av Opplev Bremanger
- Langhelg med mange gode musikkopplevingar –sommaren sitt eventyr i havgapet.
- Liv og røre i bygda med møteplassar både for fastbuande og tilreisande.