Rockweekend 2020

Evenemangsinformation

Rockweekend er ein årleg musikkfestival som har vert arrangert på Igandsvik i Ytre Bremanger sidan tidleg på 80 tallet.

Sommaren 2020  vert festivalen arrangert 10 - 12 juli.

Dei fleste konsertane her foregår på Havlys intime klubbscener kor ein får oppleve artistane svært tett på.

På dagtid har vi gratiskonsertar og andre aktivitetar for store og små på idylliske Iglandsvik.

I tillegg arrangerer vi stor konsert i Bremangerhallen som avsluttning på søndagen.

Klubblokalet vårt Havly ligg idyllisk til i ei lun havn i eit verneverdig sjøhusmiljø på Iglandsvik i Ytre Bremanger. Her har ein det meste ein  treng disse festivaldagane.Joker daglegvarer, Havly pub og kafe, Farmen livstilsbutikk og kafe og ikkje minst Iglandsvik Marina med idyllisk beliggande gjestehamn,bubilparkering,campingvogner , nytt område for teltcamping og eit velutstyrt serviceanlegg.

Iglandsvik er og eit godt utgangspunkt for turar til fantastiske Grotlesanden, Vetvik og mange andre perler i Ytre Bremanger.

Fakta

- Rockweekend har vore arrangert sidan 1982,dei seinare år av Opplev Bremanger

- Langhelg med mange gode musikkopplevingar –sommaren sitt eventyr i havgapet.

- Liv og røre i bygda med møteplassar både for fastbuande og tilreisande.

Rockweekend 2020: Ingebjørg Bratland, Black Debbath, Young Fogertys, Reaching Summit og Fivrell

rockweekend2020
grotlesanden
vetenløpet
blackdebbath
youngfogertys
reachingsummit
havlybedandbreakfast
festival
bremangerhallen
vetvika
ingebjørgbratland

Restriktioner

Alle konsertane på Havly har fri aldersgrense, men personar under 18 år må vere i fylgje med ein vaksen. NB hugs legitimasjon!!!
Minner om at ved kjøp av billettar i døra på konsertdag aukar billettprisen med 50 kroner. Tips: KJØP PÅ FORHÅND, SPAR PENGAR!!!

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.
Tapt/mista/ryke armbånd under festivalen erstattast ikkje.
programendringar kan forekomme. Kansellering av artister/band og påfølgjande programendringar vil
ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon gis kun ved avlysning av heile arrangementet.