Spik Adel jubileumskonsert
Informacje
Bremangerbandet Spik Adel med storveges jubileumsmarkering!
Dei skal feire samspel og musikkglede gjennom 40 år med stor jubileumskonsert i Bremangerhallen laurdag 15 februar.
Dei presenterar musikk åleine og i lag med ein del gjestar.
På gjestelista finn vi Olav Stedje, Oddmar Varpe og eit 6 mannsband beståande av søner og ei datter av bandmedlemmane i Spik Adel.
I tillegg blir Spik Adel forsterka med kor og blås. På scena vil og Jan Karsten Nygård ha ei rolle.
Havlys er tilstades med bar og salg av smått og godt for ganen.
Konsertsalen er rigga til småbord med kvite dukar og lys.
Inslepp kl.1900
Konsertstart 2000
Restrykcje
Barn under 18 år må være i følge med føresette