page view image

Rockweekend 2024

Information
event image

Årets artister:

- Synne Vo - Fredag

- The Promise - a tribute to Springsteen - Fredag

- Violet Road - Lørdag

- Soft City- Lørdag

Rockweekend er ein årleg musikkfestival som har vert arrangert på Iglandsvik i Ytre Bremanger sidan tidleg på 80 tallet.

Alle konsertane her foregår på Havlys intime klubbscener kor ein får oppleve artistane svært tett på.

Klubblokalet vårt Havlys ligg idyllisk til i ei lun havn i eit verneverdig sjøhusmiljø på Iglandsvik i Ytre Bremanger. Her har ein det meste ein  treng disse festivaldagane.Joker daglegvarer, Havlys pub og kafe, Farmen livstilsbutikk og kafe og ikkje minst Iglandsvik Marina med idyllisk beliggande gjestehamn,bubilparkering,campingvogner , nytt område for teltcamping og eit velutstyrt serviceanlegg.

Iglandsvik er og eit godt utgangspunkt for turar til fantastiske Grotlesanden, Vetvik og mange andre perler i Ytre Bremanger.

Fakta

- Rockweekend har vore arrangert sidan 1982,dei seinare år av Opplev Bremanger

- Langhelg med mange gode musikkopplevingar –sommaren sitt eventyr i havgapet.

- Liv og røre i bygda med møteplassar både for fastbuande og tilreisande.

Einschränkungen

For å kunne delta arrangementet må den som skal bruke billetten være 18 år.

Verzichtserklärung

Vi er eit kontantlaust arrangement
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.
Tapt/mista/ryke armbånd under festivalen erstattast ikkje.
programendringar kan forekomme. Kansellering av artister/band og påfølgjande programendringar vil
ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon gis kun ved avlysning av heile arrangementet.
Fredag og lørdag under festivalen: 18 års aldersgrense.
Torsdag Jam:
Dersom du er under 18 år, kan du kun komme inn i følgje med ein føresett (forelder/besteforelder).
Både føresett og den som er under 18 år må kjøpe billett til festivalen.
Både føresett og den som er under 18 skal førast opp med kontaktinformasjon i eit eige skjema når dei hentar billettband i inngangen.
Føresett må opphalde seg på festivalen så lenge personen under 18 år er på festivalen.
Dersom person under 18 år eller forelder er berusa, vil begge bli bedne om å forlate festivalen.